Klarlegging av eksisterande grense

Er det tvist eller tvil mellom naboar om kvar ei eksisterande grensa går, kan ein rekvirera oppmålingsforretning over heile eigedomen, eller over ein del av grensa. 

Grensene vil i tilfelle bli klarlagde ved ein oppmålingsforretning. Til oppmålingsforretninga vil alle aktuelle naboar bli innkalla. I ei slik sak vil blir semje normalt nådd mellom naboane. Det blir utarbeida ein protokoll som fortel kva partane vart samde om.  Nye opplysningar og ny grenseoppmåling blir førte inn i matrikkelen.

Dersom ein ikkje oppnår semje i ei kartforretning, kan ein krevja å få saka løyst som ei grensegangsak av jordskifteretten.

Grensepåvising

Ønskje om å få påvist og eventuelt merka ei grense som er nøyaktig kartfesta ved tidlegare halden kartforretning, kan du rekvirera ei grensepåvising hos oss. Me vil då bruka koordinatane som er i våre arkiv for å rekonstruera desse ved å stikka ut og merkja grensa i marka.

Grensejustering

Eksisterande, lite hensiktsmessige grenser kan justerast slik at dei passar betre med det føremålet ein eigedom skal nyttast til. Under føresetnad av at arealbruken er i samsvar med gjeldande arealplan, kan grensejustering utførast utan at det er søkt om delingsløyve.

Ved grensejustering kan arealet for involverte einingar aukast eller reduserast med inntil 5%, men maksimalt 500 m2. Ei eining kan likevel ikkje avgje areal som i sum overstiger 20 % av eininga sitt areal før justeringa. Dersom summen av denne og tidlegare gjennomførte grensejusteringar etter matrikkellova overskrider arealgrensa i tredje ledd, kan forretninga ikkje gjennomførast som grensejustering.

Justeringa skjer i ein oppmålingsforretning, der alle aktuelle partar er til stade og samtykkjer i at justeringa kan finna stad. Det er styraren av forretninga som avgjer om krava til grensejusteringar blir oppfylte. Grensejusteringa vert ført i matrikkelen, men ikkje tinglyst.

Samanslåing

Fleire eigedomar som har same eigar, kan ein krevja å få slått saman. Den samanslåtte eigedommen bør normalt verta eit samanhengande areal.  Det er ein stor føremon om fleire eigedomar som vert brukt i samanheng vert slått saman til eitt bruksnummer.  Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel (er eigar) til dei aktuelle parsellane.  Eit føresetnad for å kunne gjennomføre ei samanslåing er at parsellane har dei same hefta eller er fri for hefte.  Krav om samanslåing skal rettes til Statens kartverk, Tinglysinga, men utfylt skjema skal sendast til kart- og oppmålingsavdelinga i kommunen, som skal stadfesta at vilkåra for samanslåing er oppfylte. Tenesta er gebyrfri i den kommunale tenesta.

- Matrikkulering av umatrikulert grunn/festegrunn.
- Registrering av umatrikulert jordsameige m.m.