Frivilligsentralane er ein møtestad som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet. Nokon treng hjelp og andre ønskjer å hjelpa. Frivilligsentralen sitt mål er å samordna den frivillige innsatsen som privatpersonar og organisasjonar i kommunen utfører, og dermed styrkja og fremja det frivillige arbeidet.

Dei fleste som driv frivillig arbeid gjennom Frivilligsentralen brukar ca. 2 timar i veka på dette. Du bitt deg ikkje ved å bli med - synest du arbeidet er gjevande, held du fram. Viss ikkje, bestemmer du sjølv kor lenge du vil vera bidra.

Løna er gleda over å hjelpa andre og bidra i lokalsamfunnet.

Tysnes frivilligsentral er eigd av Tysnes kommune, men har sitt eige styre. Tysnes frivilligsentral har tilsett 2 personar i til saman 100 % stilling.

Nokon av avtivitetane til Tysnes frivilligsentral

Matombringing

Torsdagsturen

Seniortreff

Tysnesleikane

Besøksven

Sjå meir på Tysnes frivilligsentral sin eigen nettstad

Frivilligprisen

Kvart år deler Tysnes frivilligsentral ut ein lokal frivilligpris.

Prisen vert gitt til ein iniativrik person, lokal forrening eller gruppe, som med sine ideer og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, samt bidrege til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.

Informasjon om aktivitetar

Tysnes frivilligsentral sine arrangent vert annonsert på tysnesingen.no, på Friskus og på Tysnes kommune sin nettstad.