Njardarlog, som er det gamle namnet på Tysnes, kjem av grødeguden Njord. Det var ei tid det religiøse senteret for store delar av Vestlandet.

Det finst mange sjåverdige fornminner på Tysnes. Årbakka, den gamle handelsstaden, med Årbakkavollen der du kan sjå gravhaugar og bautasteinar. I dag finn du òg eit lite båtmuseum her.

Onarheim var tingstad og sete for Olavsgildet. På "Vossabakkjen", den gamle kyrkjebakken, kan du m.a. finna grava til Claus Pavels Riis, forfattaren av songen om Anne Knutsdotter. Uren Luren finn du også på Tysnes. Smio på Uggdalseidet ligg like ved riksvegen, og er som eit lite museum om livet i bygda før i tida.

Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er kalkbrenning. Sør på øya har det vorte brent kalk sidan 1300-talet. Skogen har alltid vore viktig for Tysnes. I samband med "skottehandelen" frå 1500-talet selde ein tre, båtar og "ferdighus" og kjøpte tøy og reiskap.

Det finst mange fysisk spor etter menneskeliv frå eldre tider på Tysnes. 

 

Njardarlog, som er det gamle namnet på Tysnes, og menneskeofring

Ein gong i fjern fortid fann harudane vegen hit. Dei kom frå Jylland i Danmark. Med seg hadde dei grødegudinna Njord. Det gamle namnet på Tysnes – Njardarlog – kjem av at dette var guden Njord sitt lovområde.

Frå denne tida stammar myten om det mystiske Vevatne. Her ofra dei til grødegudinna - og kanskje det var menneskeoffer. Frå det bratte Flogaberget på austsida av vatnet kasta dei ut offera sine.  

Det er ikkje berre namnet Njardarlog som vitnar om heidensk gudsdyrking.  Også stadnamn som Ve (som tyder heilag) og Lunde (heilag lund), Hovland og andre stad- og gardsnamn fortel om ei omfattande gudsdyrking i forhistorisk tid. Det namnet me nyttar på Tysnes, kjem etter alt å døme frå himmelguden Tyr.

Frå yngre steinalder og inn i jarn alderen — bautasteinar og vintersolkverv

Gravminna frå bronsealderen høyrer til dei mest interessante monumenta me har frå forhistorisk tid. Det er funne ein interessant runestein på Myklestad og ei steinhelle med skålgroper i Ve. På ein kjøtkniv frå Gjersvik er det funne såkalla trolldomsruner.  Årbakkavodlen på Onarheim stammar  frå jarnalderen. Her har vore meir enn 20 gravrøyser og minst 6 bautasteinar.  

Ein underleg og mystisk stad er horget  på Todneset ved innseglinga til Våge. Her er det observert at sola skin direkte på staden - og ingen andre stader i området - 22. desember, altså ved vintersolkverv. Her står også ein bautastein.

Tordr or Niardarlaug og Olavsgildet

Frå yngre jarnalder og frametter inn i vikingtida vert funna stadig rikare. Snorre fortel om Tordr or Niardarlaug, som stridde saman med Olav Tryggvason ombord i Ormen Lange under slaget ved Svolder.

Og no er me ved Olavsgildet, det store gildet som heldt hus på Onarheim, omlag der den noverande kyrkja finst i dag. Etter gamle brev må det ha eksistert frå tidleg på 1300-talet. Hit kom gildebrør frå store delar av Vestlandet for å ta del i olsokfeiringa. Frå gildet sitt segl stammar både Tysnes kommune og Hordaland fylkeskommune sitt våpen — to krosslagde økser med ei krone over.

Ein mann som kan ha vore ein gildebror er Pål Knutsson frå Onarheim. I byrjinga av 1350-åra fekk han i oppdrag av kong Magnus å utrusta ein ekspedisjon til Grønland. Nokre historikarar i nyare tid vil ha det til at han segla vidare til Nord-Amerika og trengde inn i Minnesota via dei store elvane, og stod bak innskrifta på den såkalla Kensingtonsteinen.

Anne Knutsdotter

I Onarheimstraktene høyrer også Anne Knutsdotter heime. Opphavsmannen til songen, Claus Pavels Riis, budde på Nymark i mange år og ligg gravlagd på kyrkjegarden ved Onarheim kyrkje. Det var på Usnes han skreiv den kjende songen. Sjølv om Anne Knutsdotter er ein oppdikta figur fanst det ein levande modell — Herborg, som budde på husmannsplassen Heio i Vattedal.

Kalkbrenning og skottehandel

Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er kalkbrenning. Mange av gardane frå Onarheim og søretter brende kalk heilt frå 1300-talet.

Like ved vegen frå Onarheim til Hodnaneset finst det ein restaurert kalkomn.

Frå denne tida må også «skottehandelen» omtalast. Ikkje minst var kontakten med Shetland tett — særleg gjennom dei såkalla hjeltabåtane som vart bygde her og frakta i «halvfabrikata» til Shetland.

Hovland var setegarden for Axel Mowatt, den rikaste mannen på Vestlandet på den tida. Han hadde ei dotter, Karen, som vart gift med Ludvig Rosenkrantz, den første baronen i Rosendal.

1800-talet — eit farande folk og ettertrakta sjøfolk

På 1800-talet er Tysnes den kommunen på Vestlandet med tettast busetnad. Mot hundreårsskiftet og fram til første verdskrigen utvandra omlag 2000 av dei til USA.

Dei første tysnesingane tok til å reisa på fiske i Nord-Noreg på midten av 1800-talet, først til Lofoten og seinare heilt til Finnmark.

Eit minne om Nordlandsfarten kan ein sjå i Tysneskykjra. Her heng ein modell av galeasen «Loyal». Tysnesingar var eit ettertrakta mannskap hos dei rike amerikanske yacht-eigarane. På desse yachtane, som tok del i kappseglingar både i USA og Europa, kom både skipperar, styrmenn og det øvrige mannskapet ofte frå Tysnes.

Solstråleøyo

Treslottet (1890) på Solstråleøya er for lengst reve, men mytane lever framleis.

Lenkje til solstråleøya 

Krigsminne

Ei ferd rundt om i Tysnes er i høgste grad levande historie og også krigshistorie. På Flygansvær på Reksteren finn du eit komplett tysk fort frå andre verdskrigen. Eller du kan vandra i fjellet og finna tufter etter setrar frå 1700-talet. På Tysnes finn du historie alle stader.