Vågsmarka barnehage ligg i Vågsmarka boligfelt i Våge.

Barnehagen har omlag 42 plassar og barna er fordelt på to avdelingar, Askeladden og Veslefrikk.

Faste rutinar

Me vaksne i barnehagen er glade i rutinar, struktur og orden. Me trur også at gode rutinar og struktur skaper trygge barn. Derfor har me ein fast rytme for dagen. Kvar føremiddag har me aldersinndelte grupper, Ugler, Hakkespetter og Blåmeisar. Her har me mange kjekke aktivitetar, og me ser at barna kosar seg. Me ser at det også er bra for personalet å jobbe på tvers av avdelingane, og alle i personalet blir kjent med alle barna i barnehagen.

Glade vaksne, glade barn

Dette er tysnesbarnehagane sin felles visjon.

I visjonen ligg det fleire underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen, både i møte med barnehagen og i aktivitetane. 

Trygghetssikelen - COS

Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (circle of security), på norsk Trygghetssirkelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.

SU - representanter i Vågsmarka barnehage

Foreldrerepresentantar: Ina Kaldefoss og Ørjan Høviskeland

Kommunerepresentantar: Gjermund Lygre Kongsvik

Barnehagerepresentantar: Birgit Jensen Nes, Ingrid Dalland Raa og Eldbjørg Knudsen