Tysnes kommune tilbyr foreldreveiledning

Som foreldre vil vi alle oppleva å føle oss utilstrekkelege i møte med barnet sitt behov.

COS-P er eit foreldrekurs som ønskjer å styrka deg om forelder til å forstå kva barnet ditt ønskjer frå deg.

Kurset kan være nyttig for alle, uavhengig av utgangspunkt.
 

Satsar på COS-P i barnehage og skule

Tysnes kommune satser også på COS-P metoden i skule og barnehage der lokale vegleiarar er i gang med kursing av tilsette.
 

Om kurset

Kurset varer i 8 veker og gjeld barn 0-18 år.
 

Neste kurs

Det blir oppstart av nytt kurs i september 2022. Me vil komme tilbake med dato og tidspunkt.
 

Dette seier foreldre som har vore på kurs med oss

 

Kurset har gjort meg til ein betre forelder. Eg bruker det eg har lært på kurset som verktøy i kvardagen.
Kurset har gjort at me forstår følelsane og korleis dei handterer dei. Det som satte mest spor var reflektering av oss som foreldre og vår bagasje frå barndommen.
Eg har blitt flinkare til å reflektere over kva eg ikkje vil vidareføre til mine barn.
Eg har fått betre forståelse av åtferdene til barna, samt at det er viktig å anerkjenne dei ulike følelsane dei har.

 

Påmelding og spørsmål

Har du spørsmål eller ønskjer å melde deg på, ta kontakt med Elin Kleppe: 99 64 63 97
 

Les meir

I brosjyre om CosP kan du lese meir om metoden.