Om oss

Barnehageåret 2021/2022 har me totalt 68 plassar til barn mellom 1 og 6 år. 
 I talet er det 50 barn og 11 vaksne, pluss styrar, og lærling.
 Barna er fordelt på tre avdelingar, Sønnavind 1-2 år, Nordavind 3-4 år og Vestavind 5-6 år.

Fagområder

Arbeidet vårt er forankra i Barnehagelova og Rammeplan for barnehage, 
med fokus på dei sju fagområda, livsmestring, leik, læring, omsorg og danning. 
I tillegg til dette har Tysnesbarnehagane felles planar for bl.a. språkutvikling, 
sosial kompetanse og fysisk aktivitet.

Visjon

Me har også felles visjon: Glade vaksne- glade barn.
I denne visjonen ligg det ein del underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen,
både i møte med barnehagen og i aktivitetane. 

Trygghetssirkelen

Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (circle of security),
på norsk Trygghetssirkelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me 
ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre 
barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.

SU - representanter i Lunde barnehage

Nordavind:  Tonje Øyjordsbakken og Renathe Hagen-Lunde (vara)
Sønnavind: Lovise Dalland og Malin Hagen-Lunde (vara)
Vestavind: Yvonne Kongsvik og Oddrun Gravdal (vara) 
Personal: Ingvill Christensen og Liv Bodil Tufta