Draumen om livet på landet finn du her!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!

 

Tysnes, er ein hjarteforma kommunen nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen vår har å tilby.

Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.

Eit rikt lags- og organisasjonsliv gir varierte fritidstilbod til både vaksne og barn. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologisk smaksopplevingar. Øya vår byr på eit rikt kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som det absolutt største.

Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.

Fakta om kommunen

  • Øygruppe i Sunnhordland: Tysnes kommune er ein sentralt plassert øygruppe, nord i Sunnhordland.
  • Tysnes kommune er ein kommune i vekst. Når me tel store og små er me omlag 2900 godlyndte innbyggjarar (2914 i første kvartal 2023). Og me har plass til fleire!
  • Tysnes kommune har eit samla areal på 255 km2 med fleire store og mindre øyer, spredt busetjing og fleire bygder/sentrum. Med Våge som er den største bygda og handelssenter. Her finn du skule for 5.-10. klasse, symjehall og Tysneshallen med bowling og bibliotek. Du finn også fleire matbutikkar og andre butikkar som klebutikk, leikebutikk, samt bank, politi og redaksjonen til Bladet Tysnes.
  • Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør. 
  • Med ferge mot sør til Stord kjem du deg enkelt sørover mot Haugesund og Stavanger med eigen bil eller med Kystbussen.
  • Med ferge mot nord til Bjørnafjorden kjem du deg enkelt vidare til Bergen, med kort om du vil til flyplassen på Flesland eller til kjøpesenteret og kino på Lagunen. Også her er det god bussforbindelse.

Slik kjem du deg til Tysnes

Frå Bergen

Reisetida til Bergen er om lag 1 time.

Frå Bergen køyrer du E39 til Halhjem og tek ferje til Våge. Ferja går om lag 10 gongar kvar dag og et er gode bussforbindelser til Bjørnafjorden og Bergen sentrum.

Frå Stord

Frå sør køyrer du E39 over Stord til Jektevik og tek ferje til Hodnanes. Det er gode bussforbindelser med Kystbussen mot Haugesund og Stavanager.

Sjå også informasjonskart over Tysnes. (lenkje!)

Naturen

Landskapet skifter frå blankskura svaberg i vest til frodige og særmerkte skogar i aust. Og midt i mellom ligg fjellområde med toppar opp i over 750 meters høgd.

Hyttekommunen Tysnes

Her er over 1000 feriehus og sett i forhold til talet på fastbuande er Tysnes den største hyttekommunen i Sunnhordland - noko som gir oss eit yrande liv i sommarmånedane.

Næring

Tysnes var tidlegare i størst grad ein jordbrukskommune, men har no små og mellomstore industriverksemder, bygg- og anleggsfirma, handverkarar, handel og offentleg- og privat tenesteyting som viktigaste næringsgrunnlag.

Kommunevåpen

Tysnes kommune sitt kommunevåpen vart vedteke av kommunestyre i 2020.

Kommunevåpen består at to krosslagde økser med krone over. Motivet kjem frå eit segl funnet etter Onarheimsgildet på Onarheim.

Historia

I middelalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes. Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger. Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt våpen. Sparrer over øksene i Tysnes sitt merke symboliserer at Tysnes hyste Olavsgildet.

Les meir om historien til Tysnes