Kven kan søkja?

Kven som helst over 18 år kan søkja om å skyta opp fyrverkeri. Søknaden om løyve til oppskyting av pyroteknisk vare (fyrverkeri) blir send Tysens brann og redning. Det er politiet som behandlar søknaden. Det blir ikkje gitt løyve til oppskyting av fyrverkeri utan at det ligg føre særskilde grunnar. Arrangement av allmenn interesse for befolkninga kan få løyve. Det same kan arrangement som ligg utanfor utbygd område.

Må offentliggjerast

All oppskyting av fyrverkeri må kunngjerast i lokalpressa slik at naboar etc. kan ta forholdsreglar i samband med dette.

Forsiktigheitsreglar

Alt fyrverkeri og pyroteknisk vare skal brukast til det formålet det er berekna til og i samsvar med bruksrettleiinga for kvar enkelt artikkel. Det er viktig at du tenkjer på følgjande:

  • Avfyring på annan måte enn beskrive i bruksrettleiinga er forboden og kan medføra straffeansvar.
  • Å setja saman fleire enkeltgjenstandar for å oppnå større effekt er forboden.
  • Plassen for oppskyting av fyrverkeri må vera av ein slik karakter at det ikkje kan skje skade på omgivnader eller menneske.
  • Behaldninga av ikkje-avfyrt fyrverkeri må vernast mot utidig påtenning.
  • Ved luftfyrverkeri må ein sørgja for å ha eit så stort nedslagsfelt at nedfallslende stengjer, hylser og liknande ikkje kan valda skade.
  • Vent minst 5 minutt med å gå til tilbake til påtent fyrverkeri som ikkje verkar. Skadande artiklar må ikkje prøvast teke fyr.
  • Nødvendig sløkkjeutstyr skal haldast i beredskap.
  • Person som er påverka av alkohol eller anna berusande eller bedøvande middel må ikkje handtera eller bruka eksplosiv av nokon art.Oppsetjing av rakettar, avbrenning av større mengder fyrverkerisaker, illuminasjon med faklar og liknande må ikkje finna stad i tettgrend

Nyttårsafta

Privatpersonar kan berre avfyra fyrverkeri på nyttårsaftan i perioden 18:00 – 02:00.