Tysnes kommune har i alt åtte trygdebustader; fire bustader i Vågsmarka og fire bustader på Myklestad i tilknyting til Tysnes sjukeheim. Kvar bustad utgjer ca. 60 m2 buareal  og inneheld stove m/kjøkkenløysing, eit soverom og bad samt bodplass.

Omsorgsbustader

I kommunen er det og i alt 32 omsorgsbustader bygd i dei ulike bygdelaga.

I Vågsmarka byggjefelt ligg fem bustader bygd i rekke.

I Peralio med utsikt over Bjørnefjorden er det bygd åtte bustader med fellesareal.

Her ligg også det privat drivne Tysnes Trygdepensjonat som også har bustader til utleige.

I Uggdal ligg fire omsorgsbustader og fem bustader med fellesareal i 2. høgda i sjukeheimen.

Omsorgsbustadene inneheld stove m/kjøkkenløysing, eit soverom og bodplass, samt felles stove/aktivitetsrom. Bustadene som er bygd i institusjonsbygga har mindre areal enn dei frittståande.

Alle omsorgsbustadene er av nyare dato, bygd i perioden 1995 - 2002

Servicebustader/bustader for psykisk utviklingshemma

I Tysnes kommune har me to bufelleskap for psykisk utviklingshemma; fem bustader i Haugen bufelleskap og seks bustader ligg i Vågsmarka bufelleskap. Ved desse bustadene er det heildøgns bemanning som kan yta service til bebuarane.

Søknadskjema til trygde/omsorgsbustader sender du til kundetorget i rådhuset. Bustader blir administrert av pleie- og omsorg.

Husleige følgjer Tysnes kommune sine fastsette satsar og blir regulert kvart år.