Stjernereiso barnehage er ein 5 avdelingsbarnehage med 96 plassar. Barnehagen ligg ved sida av Uggdal skule, som gjer til at overgangen mellom barnehage og skule ikkje vert stor.

Barnehagen ligg med skogsområder på alle kantar. Skogen, og områda rundt barnehagen vert flittig nytta av alle avdelingane. Me har og ein Lavvo i gangaavstand til barnehagen, denne vert mest nytta av borna frå 3 år og oppover.

Glade vaksne, glade barn

Dette er tysnesbarnehagane sin felles visjon.

I visjonen ligg det fleire underpunkt som skal sikre barna gode opplevingar i kvardagen, både i møte med barnehagen og i aktivitetane. 

Trygghetssirkelen Cos-P

Me ynskjer stadig å utvikle oss, og no rettar me fokus imot COS (circle of security), på norsk Trygghetssirkelen. Dette er i utgongspunktet eit "foreldrerettleiingsprogram", og me ynskjer å auke kompetansen innan denne tenkninga, slik at me i enda større grad kan sikre barna trygg tilknytning i alle situasjonar og overganger i barnehage.

SU - representanter i Stjernereiso barnehage

Foreldrerepresentantar: Maria Therese  Alvalos - Rønneseth,  Hilde Marie Flakke Vara og Yngve Vevatne

Kommunerepresentant: Anne Merete Fjeldstad