Fysioterapi er ein del av helsetilbodet vårt. Dersom du har dårlegare funksjonsevne på grunn av alder, sjukdom eller ein skade, kan fysioterapeutane våre hjelpe deg. Fysioterapeutar undersøkjer, behandlar og gir opptrening.

Fysioteraputane samarbeidar med helsestasjonen, i barnehagane, skulane, omsorgssenteret.

Fysioterapeutane i Tysnes kommune

Tysnes kommune har to fast tilsette kommunefysioterapeutar, i tillegg til tre fysioterapeutar med driftstilskot.

Vaksne heimebuande som kan ta seg fram til eit fysikalsk institutt, med drosje eller anna transportmiddel, vært som hovudregel tilvist dit.

Pris og betaling

Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos fysioterapeut.

Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut for å få dekt utgifter til fysioterapi.
 
Når eigenandelstaket er nådd, får du automatisk eit frikort som ligg digitalt på helsenorge.no.
 
Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg

Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut. Dette gjelder

  • born under 16 år
  • personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i førstegangsteneste i Forsvaret)