Korleis søkje

Har du behov for å snakke med psykisk helse, kan du bli henvist av fastegene din, eller du kan sjølv søkja.

Psykiatrisk sjukepleie vert tildelt etter lov om helsetenesta i kommunane. Søknader vert handsama fortløpande. 

Tenesta er gratis.

Søknadsskjema finn du lenger ned på sida, under "skjema".

Samtale med psykiatrisk sjukepleiar eller psykisk helsearbeidar anten i heimen eller på kontoret etter avtale.

Aktivitetssenter

Sosialt samvær, samtale, handarbeid, felles måltid, gåtur, biltur, trening med fysioterapeut

Måndag og torsdag:

Opningstid: måndag kl. 10:00 –- 14:00.

Torsdagsturen

Turgruppe for alle som har fri til å vera med.

Kvar torsdag kl. 10:00

Arr. Psykisk helse i samarbeid med Friviljugsentralen

Alle turane vert annonsert i Friskus.

Gamingkveld

Psykisk helse inviterer alle gaminginteresserte i alderen 18 - 35 år, til gamingkveld kvar andre torsdag.

Hausten 2023 blir det torsdag i oddetalsveker, med oppstart 31.08.23

Meir informasjon om Gamingkveld.

Hos oss jobbar

  • Psykiatrisk sjukepleiar
  • Psykisk helsearbeidar
  • Psykisk helsearbeidar for barn og unge

Klage

Dersom du får avslag på søknad om helesetenester, kan du klage. Du sender din klage til Tysnes kommune. Hvis me ikkje endrer vedtaket, vert din klage sendt vidare til Fylkeslegen i Hordaland.

Handlingsplan for tenester til menneske med psykiske lidingar i Tysnes kommune ligg til grunn for tenesta.