Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Psykiske helsetenester

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing til både deg og dine næraste, samtalegrupper med meir.

Tenesteomtale

Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing både til deg og dei pårørande, samtalegrupper og anna.

Kriterium/vilkår

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkommande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Du kan også klage til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.
 
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Tenesta oppdatert: 04.03.2024 15:49