Støtte til pårørande

Er du pårørande til ein pasient med psykiske lidingar eller rusmiddelproblem? Er du familie til eit barn med nedsett funksjonsevne? Er du pårørande med omsorgsoppgåver og treng avlasting?

Kommunen har plikt til å tilby tenester spesielt for pårørande.

Tenesteomtale

Helsepersonell har teieplikt, men du har likevel rett til å få informasjon om for eksempel:
  • kontaktinformasjon til helsetenesta
  • rutinar, tilsette og tilbod 
  • moglegheita til å søkje om hjelpemiddel, velferdsteknologi, osb.
  • lovverk, saksbehandling og rettigheiter 
  • tilbod til pårørande, barn og vaksne
  • informasjon om brukar- og pårørandeorganisasjonar
 
Pasientar over 16 år må gje samtykke til at pårørande skal få vite om helsetilstanden til pasienten. Det samme gjeld innsyn i pasientjournalen. Dersom pasienten har gjeve samtykke, kan du som næraste pårørande få vite om pasienten sin helsetilstand, diagnose og behandlingsutsikter.
 
Pasienten kan også bestemme at berre visse opplysningar skal gjevast. I nokre tilfelle kan sjølve situasjonen tilseie at dei pårørande skal ha informasjon sjølv om pasienten på førehand ikkje har gjeve samtykke til det.
 
Ved behandling av pasientar som ikkje sjølv kan ta vare på sine interesser, har dei næraste pårørande rett til å bli informert.
 
Kommunale tenester som t.d. praktisk bistand, og velferdsteknologi som t.d. varsling og lokaliseringsutstyr, kan bli gjeve som avlasting for deg som omsorgsgjevar. 
 
Avlastingstiltak er gratis. Kommunen kan ikkje krevje eigenbetaling for avlasting. Dette gjeld også praktisk bistand, tilbod på dagsenter eller korttidsopphald på institusjon, det vil seie tenester med avlastande effekt som det ellers kan bli kravt eigendel for.
 
Dersom du har krevjande omsorgsarbeid, til dømes for ektefellen din eller barn, kan du søkje om omsorgsstønad frå kommunen.

Lover

Lover

  • Spesialisthelsetjenesteloven § 2-1a, § 3-7a, § 3-8
  • Helsepersonelloven § 10, § 10a og § 10b
  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5, § 2-8, § 3-1, § 3-3, § 3-4, § 7-2
  • Helseforetaksloven § 35
  • Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1, § 3-6 § 3-10, § 3-2, § 11-2

Forskrifter

  • Ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
  • Helsestasjons- og skolehelsetjeneste

Sjå spesielt helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 Kommunens ansvar overfor pårørende.

Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse- og omsorgstjenesten
Spesialisthelsetjenesteloven
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Helsepersonelloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Helseforetaksloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få tilbod og eit vedtak.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysingane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter fattast det eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngiving samtidig med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom det kan tenkjast at du blir misfornøgd med vedtaket. Dersom grunngivinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket stoppar.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tenesta oppdatert: 11.04.2021 20:02