Oppretting av ny matrikkeleining

Ny matrikkeleining kan opprettast ved deling av grunneigedom, bortfesting av grunn for meir enn 10 år eller oppretting av anleggseigedom eller jordsameige.

Ved deling av grunneigedom vert det skilt ut ein del av ein eigedom som vert matrikulert med eige gnr./bnr.

Før ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn (for meir enn 10 år) eller nytt jordsameige kan opprettast i matrikkelen, må det liggja føre løyve etter plan- og bygningslova § 20-1 første ledd bokstav m. Eit slikt løyve er trin éin i sakshandsamingsprosessen etter reglane i plan- og bygningslova.

Når søknaden om deling av grunneigedom er godkjent kan trinn to gjennomførast i saksbehandlingsprosessen som er ei oppmålingsforretning etter reglane i matrikkellova.

Dersom det var rekvirert oppmålingsforretning for søknadspliktige tiltak samstundes med søknad om deling ("Søknad om tillatelse til tiltak") treng ikkje rekvirent føreta seg noko for at saka skal halda fram etter at han får melding om delingsløyve. Elles må heimelshavar rekvirera oppmålingsforretning innan 3 år etter at delingsløyve er gjeve. Det vert laga eit matrikkelbrev som syner eigedomen sine grenser og areal.

Matrikkelbrev eller attest for at vilkåra for å halda forretninga er til stades (mellombels forretning), må vera tinglyst før det kan tinglysast skøyte på den nye eigedomen.

Arealoverføring

Areal kan overførast mellom tilgrensande matrikkeleiningar utan at arealet blir oppretta som eiga matrikkeleining.

Arealoverføring blir nytta når arealet som skal overførast er for stort for ei grensejustering. Før slik arealoverføring kan matrikkelførast, må løyve vera gjeve som for oppretting av ny matrikkeleining. Det må dessutan liggja føre nødvendige fråsegner om overdraging av eigedomsrett, og om pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet.

Seksjonering

Ein eigarseksjon, er ein sameigedel i bebygd eigedom, med tilknytt einerett til bruk av ein av fleire bustader, eller andre brukseiningar i den bebygde eigedomen.

For innføring av ny eigarseksjon må det liggja føre kommunalt seksjoneringsvedtak etter eigarseksjonslova § 9.