Oppmåling

Kart- og oppmålingsavdelinga har til oppgåve å sørgja for at grensene for grunneigedom og festegrunn blir nøyaktig merka, målt og kartfesta i høve til matrikkellova.

Me fører oversiktlege og pålitelege register over grunneigedomar, festegrunn og viktige eigedomsopplysningar knytt til dei (Matrikkelen). Kommunen den lokale matrikkelstyremakta.

Me bidreg med rettleiing og hjelp til publikum med kartmateriale, og rettleiing til utfylling av skjema o.l. i frådelingssaker m.m.

Adresser og gatenamnskilting

Kart- og oppmålingsavdelinga er kommunen sin adressemynde og er ansvarleg for tildeling av adresser, føra register og adressekart over tildelte adresser og har ansvar for vegnamnskilting.