Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Oppmålingsutstyr

Oppmålingstenesta

Kart- og oppmålingsavdelinga er kommunen si fagavdeling for kartverk og oppmåling.

Oppmåling

Kart- og oppmålingsavdelinga har i første rekkje til oppgåve å sørgja for at grensene for grunneigedom og festegrunn blir nøyaktig merka, målt og kartfesta i høve til matrikkellova.

Den fører i tillegg oversiktlege og pålitelege register over grunneigedomar, festegrunn og viktige eigedomsopplysningar knytt til dei (Matrikkelen). Dermed er kommunen den lokale matrikkelstyremakta.

Det vert lagt stor vekt på rettleiing og hjelp til publikum med kartmateriale, og rettleiing til utfylling av skjema o.l. i frådelingssaker m.m.

Kartverk

Ved sida av dei oppgåvene som er knytte til matrikkellova og dei forskjellige sakstypane, er kommunen også ansvarleg for vedlikehald av digitale kartbasar og å formidla digitale og analoge kart til offentleg og privat bruk.

Følgjande kart kan skaffast:

  • Digitale kart i FKB-B over store delar av kommunen.  I område med tettast busetnad, er det detaljert høgdegrunnlag (ekvidistanse 1 m).
  • Digitale økonomiske kart over kommunen konstruert i 1998.
  • Kommunen har eigen kartbase for vatn og avløp som me jobbar med å få komplett.
  • Analoge økonomiske kart i målestokk 1:5000 konstruert i 1988.
  • Analoge tekniske kart i målestokk 1:1000 over delar av kommunen med tettast busetnad, konstruert i tidsrommet 1968 - 1988.

Adresser og gatenamnskilting

Kart- og oppmålingsavdelinga er kommunen sin adressemynde og er ansvarleg for tildeling av adresser, føra register og adressekart over tildelte adresser og har ansvar for vegnamnskilting.