Økonomiplan

På vegne av rådmannen har økonomiavdelinga ansvar for at det vert utarbeidd ein økonomiplan for Tysnes kommune.

Økonomiplanen byggjer på data frå årsbudsjettet og innspel frå etatane.

Kommunestyret avgjer kva tiltak, eller område av kommunen si verksemd som skal prioriterast.

Økonomiplanen vert utarbeidd for 4 år fram i tid, og skal rullerast minst ein gong pr. år.

Budsjett

På vegne av rådmannen har økonomiavdelinga ansvar for at det vert utarbeidd budsjett for den kommunale verksemda.

Budsjettet byggjer på budsjett frå føregåande år, innspel frå etatane, statsbudsjettet og økonomiplanen.

Budsjettet vert vedteke av kommunestyret og gjeld for eitt år.

Budsjettet er bindande for den aktivitet som skal vera det næraste året.