Eigar/fester må sjølv søkja om fritak

Skjema for fritak frå eigedomsskatt finn du under skjema, lengre ned på sida.

Søknader må vera komne inn innan 20. november for å kunna gjerast gjeldande for neste skatteår.

Fritaket gjeld for eitt år, men eigedommar som tidlegare har fått innvilga fritak treng ikkje senda inn ny søknad før kommunen ber om det.

Kva eigendommer kan få fritak

Eigedommar som kommunestyret etter søknad heilt eller delvis kan frita for eigedomsskatt, jf eigedomsskattelova § 7:

  • Eigedommar eigd av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
  • Bygning som har historisk verdi. Bygget må vera verna eller freda av offentleg mynde.