Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betala gebyr i samsvar med satsane og retningslinene i regulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Gebyr skal vera betalt innan 30 dagar rekna frå fakturadato. Ved for sein betaling kan kommunen krevje eit purregebyr på 10 % av inkassosatsen. Må kommunen purra fleire gonger, skal kommunen i tillegg til purregebyr krevja morarente etter morarentelova frå forfallsdato

Dersom ein kunde av ulike årsaker har betalt for mykje i gebyr, skal kommunen så snart tilhøvet er klårlagt, betala attende for mykje betalt gebyr. Det kan ikkje krevjast rentetillegg for for-mykje betalt gebyr.

Kva for regulativ skal nyttast

Gebyra skal reknast ut etter det regulativet som gjeld den datoen kommunen tek imot ei komplett melding, søknad, eller rekvisisjon.

Betalingstidspunkt

Oppmålingsgebyr og aktuelle tinglysingsgebyr skal vera betalt før melding til tinglysing blir sendt. Kommunen kan krevje oppmålingsgebyr innbetalt forskottsvis.

For søknadssaker kan kommunen krevja at tilhøyrande gebyr skal vera betalt før sakshandsaminga tek til. For saker som skal betalast etter medgått tid og utlegg til fagkunnig hjelp, skal kommunen ved forskottsbetaling skriva ut    eit førebels gebyr i samsvar med gjeve overslag. Når kommunen sine arbeid er fullført, skal kommunen rekna ut det endelege gebyret og skriva ut tilleggsrekning eller betala attende for mykje betalt gebyr.

Også for andre arbeid kan kommunen krevja at gebyret er betalt før kommunen sine arbeid tek til.

For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Til vanleg bør gebyr som skal reknast ut etter brukte timeverk og kommunen sine utlegg til fagkunnig hjelp, bli utskrive i ettertid.

Ved store oppdrag kan kommunen skriva ut rekning på utførte deler av arbeidet, men ikkje oftare enn månadsvis.

Klage på fastsetjinga av eit gebyr eller avgjerd av søknad om heilt eller delvis fritak for å betale gebyr, medfører ikkje lengd betalingsfrist.

Urimlege gebyr

Dersom eit gebyr er openbert urimeleg i høve til dei prinsipp som er lagt til grunn, eller det arbeidet og dei kostnadene kommunen har hatt med saka, kan rådmann eller den som han/ho gjev fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit høveleg gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnader og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.

Kommunen opererer med tidsfristar på sakshandsaminga ihht. gjeldande regelverk.

Sakshandsamingstid ihht. tidsfrist etter plan og bygningslova stoppar opp medan søknad er til uttale/ handsaming etter jordlova hos Bjørnefjorden Landbrukskontor.

Fritak for gebyr

Når særlege grunnar tilseier det, kan kommunen etter kommunalt fastsette retningsliner heilt eller delvis gje fritak for betaling av gebyr til kommunen i ei konkret sak. Kommunen skal som byggherre betala gebyr. Ny søknad etter bortfall av løyve, er ny sak jf. Pbl. § 21-9, og det skal betalast fullt gebyr.

Klage

Enkeltvedtak gjort i medhald av dette regulativet kan påklagast etter forvaltningslova § 28. Klagesaker vert avgjort av Klagenemnda.

Ordinære gebyrsatsar etter dette regulativet er å rekna som ei forskrift, og kan difor ikkje påklagast, jfr. forvaltningslova § 2, 1. ledd c).

Avbrote arbeid

Når ein tiltakshavar/rekvirent er årsak til at kommunen sitt arbeid blir avbrote, skal det betalast gebyr i høve til det som er utført eller som kommunen må utføra.

Endring av regulativ

Kommunestyret fastset som hovudregel nye satsar ein gang pr. år med verknad frå 01.01.

Gebyr til statlege etatar

Der kommunen skal krevja inn faste gebyr til statlege etatar for saker etter dette regulativet, skal utskriving og innkrevjing av kommunale og statlege gebyr skje samordna.