Kva gjer ein støttekontakt?

Støttekontakt er eit kommunalt tilbod til personar som, på grunn av funksjonshemming, alder eller fordi dei har lite sosialt nettverk, treng hjelp til få ei meiningsfull fritid.

Barn og unge med bakgrunn i sårbare familietilhøve eller sosiale utfordringar kan ha behov for ein støttekontakt eller fritidskontakt. Behovet vil gjerne være hjelp til ei aktiv fritid, til sosial trening eller støtte til å utfordre seg sjølv og prøve nye ting.

De kan til dømes møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er interesser og behov til den som treng støttekontakt som er avgjerande - kva ein skal gjere frå gong til gong avgjer de i lag.

Kven kan være støttekontakt?

Ein støttekontakt bør være over 18 år. Me treng støttekontaktar i alle aldra, som spegla mangfaldet i brukergruppa.

Som støttekontakt må du være stabil og pålitelig, ha en avklart livssituasjon og du bør kunne binde deg for minst eit år. Som støttekontakt må du ha gode samarbeidsevner, respekt for andre menneskjer, overskott til å gi av seg sjølv, være trygg på deg sjølv og ha evne til å etablere kontakt. Ein støttekontakt må også kunne setja grenser.

Det å være støttekontakt skal være gjevande og hyggelig, samtidig som det er viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både hensiktsmessig og forsvarlig.

Tilsett som støttekontakt

Som støttekontakt får du ei oppdragsavtale med kommunen og vert kompensert etter timeliste. Det vert gitt støtte til utgiftsdekking etter fast sats.

Kontaktinformasjon

Meld din interesse gjennom søknadskjema over, så tek me ein uforpliktande prat, eller ta konakt:

Synnøve Espelund
fagleiar for psykisk helsetenester for vaksne
tlf 977 01 407
synnove.espelund@tysnes.kommune.no

Eva Grov
konst. barnevernsleiar
tlf 902 51 107
eva.grov@tysnes.kommune.no

Hilde Marie Flakke
rådgjevar helse og omsorg
tlf 993 636 46
hilde.marie.flakke@tysnes.kommune.no