Før hadde eg knapt ei vakt med same kollega, men her er samhaldet heilt unikt.

Inkluderande arbeidsmiljø

I august tok Veslemøy Vågen Eilertsen (23) med seg mann og born til Tysnes for å bli praksiskandidat på omsorgssenteret. 

– Det eg har sett og opplevd av Tysnes så langt har vore heilt fantastisk. Det er ikkje berre arbeidet, men også naturen og staden. Det er mindre stress og kaotisk her, smiler Veslemøy

At ho skulle jobbe innan helse, er noko ho har vore sikker på i lang tid. Men då ho fekk born vart skulegangen meir utfordrande å gjennomføra. 

– Derfor var det bra at dei hadde praksiskandidat løysinga her på Tysnes, slik at eg kan få jobba meg opp timar og deretter å ta fagprøven om nokre år, fortel Eilertsen. 

På dei to månadane ho har vore på omsorgssenteret, har ho rukke å komme godt inn i miljøet. 

– Det eg synest er kjekt med å jobbe her er at ein faktisk blir kjend med kollegaene sine. Der eg jobba tidlegare hadde eg knapt ei vakt med same kollega, men her er samhaldet heilt unikt, seier Veslemøy. 

Moglegheit for utvikling og fagleg oppdatering

Kollega og vernepleiar Renate Vikøren Frugård (25) er også einig i at arbeidsmiljøet blir annleis på ein liten plass som Tysnes. 

– Eg flytta vekk nokre år, men valte å kome tilbake igjen. Grunnen til det er at eg trivst veldig godt på jobb her. Eg opplev at kommunen strekk seg langt for at du skal kunna utvikla deg og halda deg fagleg oppdatert, seier ho. 

Samstundes opplever ho at kommunen er flinke til å ta vare på og nytte ressursane dei har rundt seg. 

– Til dømes er fleire av ekstravaktene her pensjonistar som har vore her lenge. Dei er utan tvil ein viktig ressurs for oss.

Godt miljø på Tysnes

Renate er ansvarleg for opplæring av lærling Anna Olea Fjeldet Sunde som går TAF helse og omsorg. Det er eit vidaregåande løp som gjev både studiekompetanse og fagbrev i helsefag. 

– Eg har alltid visst at eg ville jobbe innan helse, men vore litt usikker på kva retning eg skulle velje. Derfor synest eg TAF var eit spanande løp slik at eg kan få testa ut litt forskjellig, fortel Anna Olea. 

Sidan august har ho jobba to dagar på omsorgssenteret i Tysnes, fulgt av tre dagar med skule. 

– Det er ei veldig grei løysing. Det eg lærer i helsefaga på skulen, ser eg igjen i praksis. Ein kan relatera til det ein lærer på ein annan måte, seier ho. 

Sjølv om ho ikkje er heilt sikker på kva ho vil utdanne seg til, utelukkar ho ikkje at ho blir å jobba i heimkommunen i framtida. 

– Eg har lyst til å flytta vekk og studera, men eg endar nok opp her til slutt. Det er eit godt miljø på Tysnes, og mange jobbmoglegheiter for meg som vil jobba innan helse, slår Anna Olea fast.

Desember 2022