Barn i skulealder har rett til å få opplæring. Når barnet er lenge borte frå skulen på grunn av sjukdom, kan skulen ha plikt til å gje opplæring i heimen til eleven, men dette er ei avgjerd som skulen tek i samarbeid med føresette. Det avgjerande er om sjukdomen til eleven medfører eit fravær som gjer at eleven ikkje får oppfylt sin rett til opplæring eller får tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Når det vert vedteke at eleven skal få opplæring i eigen heim, er dette eit enkeltvedtak om spesialundervisning.
Elevar som har rett til spesialundervisning, inkludert langvarig sjuke elevar som får opplæring i heimen, har rett til det same mengd timar som elevar som mottek ordinær opplæring. Kor mange timar undervising som skal gjevast vil likevel avhenga av kor mye opplæring den sjuke eleven er i stand til å motta.
Elevar som får løyvd spesialundervisning, har òg rett til å få ein individuell opplæringsplan (IOP). Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis han skal drivast.