Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Leksehjelp i grunnskulen

Alle elevar på barne- og ungdomsskulen har rett til å få leksehjelp på skulen. Antall timar med leksehjelp kan vere ulikt frå trinn til trinn.

Tenesteomtale

Kommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskulen. Kommunen kan fordele leksehjelpa fritt på 1.–10. årstrinn. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa, men skal sjåast i samanheng med den. Det er frivillig om ein vil delta. Kommunen pliktar å informere foreldra om retten til leksehjelp og tilbodet som blir gjeve. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt.

Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane støtte i læringsarbeidet, kjensle av meistring, gode rammer for sjølvstendig arbeid og bidra til å jamne ut sosiale skilnader.

Målgruppe


Kriterium/vilkår

  • Det skal bli tilbydd minimum åtte timar leksehjelp per veke til elevar i grunnskulen
  • Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna 1–10, slik kommunen avgjer
  • Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
  • Krav om politiattest gjeld òg for tilsette i leksehjelpa
  • Elevgruppa skal ikkje vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Samarbeidspartnarar


Lover

Kommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis leksehjelp i grunnskulen.

Sjå
Opplæringslova § 10-9 Politiattest og § 13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp
Forskrift til opplæringslova kap. 1A Leksehjelp for elevar i grunnskolen

Forvaltningsloven
Forskrift til opplæringslova
Opplæringslova

Høve til å klage

Elevar og foreldre kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom vedtak ikkje er gjort innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om det er gjort vedtak.

Tenesta oppdatert: 02.04.2019 11:52