Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Permisjon frå grunnskuleopplæring

Du har høve til å søkje om permisjon frå grunnskuleopplæring for barnet ditt, men det er ikkje alltid du vil få fri.

Tenesteomtale

Elevar kan få permisjon frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker. Skulen vil vurdere om det er forsvarleg å gje permisjon. Det er ikkje tillate å gje permisjon ut over to veker om gongen. 

Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har rett til permisjon på trudomssamfunnet sine helgedagar.

Foreldra må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Målgruppe


Kriterium/vilkår


Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Lover

Sjå opplæringslova § 2-11 første og andre leddet

Forvaltningsloven
Opplæringslova

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tenesta oppdatert: 24.03.2021 13:48