Skulen pliktar å gje tilpassa opplæring (opplæringsloven § 1-3) og det er ikkje alltid naudsynt med enkeltvedtak for å tilby ASK.
Ofte er ASK ein del av tilbodet om spesialundervisning. Og dersom utstyr til ASK krev opplæring for å ta det i bruk, må det fattast eit enkeltvedtak om spesialundervisning (opplæringsloven § 5-1 eller § 9a-2).
Dersom elevar med behov for ASK har enkeltvedtak om spesialundervisning, skal eleven ha ein individuell opplæringsplan (IOP). Han skal konkretisera heile, eller deler av opplæringa, på bakgrunn av kompetansemålene i læreplanane for fag. Elevar som ikkje har spesialundervisning, følgjer læreplanane for fag i heilskapen sin.
Elevar i grunnskulealder med behov for ASK har som alle andre rett til å gå på nærskolen.