Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skulegang frå skulen si side og har same retten til å delta på foreldremøte.
Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skulegang, men berre dersom vedkomande spør skulen spesielt. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til å delta på foreldremøte, men vil kunne delta dersom den som har foreldreansvaret, gjev sitt samtykke. Skulen kan likevel avtale eigne møte med den biologiske forelderen, men kan og velje å gje informasjonen skriftleg.