Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Frisklivssentral

Frisklivssentralen er eit kommunalt helsetilbod for deg som har ein sjukdom, eller fare for ein sjukdom, og som kan få eit betre liv ved å endre levevanar.

Tenesteomtale

Frisklivssentralen har tilbod om hjelp til å endre og meistre levevanar. Tilboda kan innehalde helsesamtale, fysisk aktivitet, kosthaldsendring og røykeslutt.
Den fysiske aktiviteten på frisklivssentralane er variert. Målet med frisklivssentralen er at deltakarane skal bli fysisk aktive i sin kvardag og få betre helse på kort og lang sikt.
Den fysiske aktiviteten skjer fortrinnsvis utandørs. Føremålet er å gje deltakaren auka kondisjon, styrke, balanse, rørsle, overskott og ikkje minst sosialt samvær.

Målgruppe

Helsefremjande og førebyggjande tiltak for alle innbyggjarane, men med spesiell vekt på

  • personar med risikofylt alkoholbruk
  • personar med problem knytte til psykiske helse
  • eldre

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere

  • arbeidsgjevarar
  • brukar- og innvandrarorganisasjonar
  • fastlegar
  • frivillige organisasjonar
  • Nav
  • private aktørar
  • spesialisthelsetenesta

Lover

Frisklivssentral er ei teneste som kommunen kan velje å tilby for å oppfylle plikta til å tilby helsefremjande og førebyggjande tenester.
Sjå spesielt helse- og omsorgstenestelova § 3-1.

Helse- og omsorgstjenesteloven

Tenesta oppdatert: 04.03.2021 12:09