Tysnes omsorgssenter er ein offentlig institusjon for for eldre og funksjonshemma, som vert nytta til korttids- rehabilitering- og langtidsopphald for personar som treng opphald i institusjon for kortare eller lengre periodar.

Skjema for søknad om plass i institusjon vert å senda skriftleg til pleie- og omsorgsavdelinga finn du i menyen til høgre.

Kontaktliste for avdeling og tilsette finn du her. Sjå nederst i listen.

Tilbod

30 institusjonsplassar, herav 5 plassar til korttidsopphald og rehabilitering.

  • omsorgssenteret har eigen avdeling for demente,
  • korttids- og rehabiliteringsplassar og
  • dagsenter for eldre

Eigenbetaling

Det er eigne forskrifter om betaling for opphald i institusjon som avgjer kva du skal betala for opphaldet.

Søknad om plass

Søknad vert handsama av Tysnes kommune, pleie- og omsorg, inntaksteamet.

Klage

Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.

(Lovheimel)