Er du eller ein av dine ramma av sviktande minne eller demens sjukdom? Då kan du få råd, støtte og rettleiing av fastlegen din.  Fastlegen kan også hjelpe deg å få kontakt med kommunens demensteam. 

Kvifor er demesutredning viktig? Hukommelsesproblem er ikkje alltid eit teikn på demens. Ein lyt:

  • skilja demens frå normal aldring.
  • sikra rett behandling til rett tid.
  • tidleg utredning og diagnostisering er viktig slik at rett tiltak vert sett i verk ovanfor brukar og pårørande.
  • leggja til rette heimesituasjonen slik at brukar kan bu heime lengst mogleg.

Hukommelsesteam

Hukommelsesteam er eit lågterskeltilbod.. Der det er mistanke om demens, tilbyr hukommelsesteam råd og rettleiing for korleis ein går fram for å få starta ei utgreiing. Tenesta er gratis

Hukommelsesteamet i tysnes kommune består av lege, ergoterapeut, sjukepleiar og helsefagarbeider  og skal i tillegg ha eit nært samarbeid med lege/fastlege.

Kva tilbyr vi?

Hukommelsesteamet skal sikra at personar med demens og pårørande får god kartlegging, og eit godt tilpassa tenestetilbod.

Arbeidsoppgåver:

  • heimebesøk med kartlegging av diagnose og vurdering av hjelpebehov
  • vi gjer råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • ved behov tilbyr vi oppfølging

Kva er demens?

Demens er ei fellesnemning for ei gruppe hjernesjukdomar som fører til sviktande minne, handlingsevne og språkfunksjon, endring i personlegdom og åtferd. Problema kan vera samansette og av praktisk, fysisk, psykisk eller sosial art.

Har du mistanke om at du sjølv, eller ein av dine nære, er i ferd med å utvikla demens, ta kontakt. Utgreiinga vert ofte gjennomført av fastlege i samarbeid med hukommelsesteam. Nokre gongar vert utgreiinga gjort hos spesialisthelsetenesta. Det er viktig å få stilt ein diagnose, uansett om symptoma skuldast demens eller anna sjukdom.

Kven kan få hjelp?

Personar med mistanke om demenssjukdom som har behov for demensutgreiing

Personar med demenssjukdom som har behov for oppfølging etter å ha fått ein demensdiagnose

Pårørande og vener til personar med demens som har behov for oppfølging/rettleiing

Her kan du finne nyttig informasjon kring demenssjukdom:

https://nasjonalforeningen.no/demens/

https://nasjonalforeningen.no/tilbud/demenslinjen/

https://www.aldringoghelse.no/demens/

Dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens

Har dudemenssjukdom eller er pårørande til ein person med demenssjukdom som bur heime, kan du søkje kommunen om dagaktivitetstilbod.

Tilbodet om dagaktivitetar for heimebuande med demenssjukdom er tilpassa behovet og meistringsnivået til brukaren, og skal gi gode opplevingar og meiningsfulle kvardagar. Samtidig vil du som pårørande få nødvendig avlasting. 

Eksempel på aktivitetar på dagsenteret:

  • gå- eller sykkelturar
  • trening, dans, song og musikk
  • lese- og poesigrupper
  • kulturopplevingar
  • handverk
  • friluftsopplevingar

Målgruppe

1. Personar med demens som bur heime.

2. Pårørande til personar med demens som anten bur heime eller har korttidsopphald


Lover

Dette er ei lovpålagd teneste.
Sjå spesielt helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 7 og pasient- og brukarrettslova § 2-1a.

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester


Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du må sende ein søknad til kommunen. Kommunen fattar deretter eit vedtak basert på ei individuell vurdering av brukaren sine behov og ønske.


Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.


Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Du kan også klage til Statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.