Skogplanting - tilskott
Er du skogeigar, kan du få tilskot til nyplanting på hogstfelta. Tettare planting på eksisterande skogareal er eit tiltak som på lang sikt gir auka CO2-fangst. Fleire planter gir betre fordeling av planter på arealet og betra moglegheit for å velje dei beste plantene til framtidstre. Det fører til auka skogproduksjon og betre tømmerkvalitet.
Tenesteomtale
Dette er ei støtteordning til tettare nyplanting og suppleringsplanting etter hogst på eksisterande skogareal. Målet er å auke talet på skogplantar ved forynging av eksisterande skogareal.
Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.
Målgruppe
Skogeigarar
Kriterium/vilkår
Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.
Pris for tenesta
Samarbeidspartnarar
Lover
Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket og § 5 i forskrift om berekraftig skogbruk
Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket
Forskrift om berekraftig skogbruk
Forvaltningsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Vedlegg
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Kommunen/Statsforvaltaren skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Tenesta oppdatert: 17.02.2021 11:41