Gjødsling av skog - tilskott
Gjødsling av skog vil bidra til auka karbonopptak og er eit viktig klimatiltak. Skogeigarar kan få dekt inntil 50 % av kostnadene til gjødsling med nitrogengjødsel.
Tenesteomtale
Tilskott til gjødsling er eit produksjons- og kvalitetsfremjande tiltak. Ein kan få inntil 50 % tilskott til gjødsling.
- Dei gjødsla areala må kartfestast digitalt.
- Det kan gjødslast på eigna areal på vegetasjonstypane blokkebærskog, bærlyngskog, blåbærskog, småbregneskog, storbregneskog og på torvmark med etablert forynging.
- Gjødsling skal gjerast i produksjonsskog med mindre enn 20 prosent lauv på furudominerte areal med bonitet F8 til F17, og grandominerte areal på bonitet G8 til G20.
- Bestanden bør ha optimal tettleik og ikkje vere fleirsjikta.
- Lavartar bør utgjere mindre enn 50 % av marksjiktet.
- Hogstklasse IV (4) blir prioritert.
- Vekstbestand av furu i tidleg hogstklasse fem kan gjødslast dersom dei ikkje er planlagde å bli hogne før om lag 10 år.
- Tre av sein hogstklasse kan gjødslast nokre år etter at eventuelle tynningar er avslutta.
Målgruppe
Skogeigarar.
Kriterium/vilkår
Det blir stilt miljøkrav til korleis gjødslinga skal skje:
- Dei miljøverdiane som er førte opp i rapporten «Målrettet gjødsling av skog som klimatiltak», skal på førehand sjekkast ut mot offentlege miljødatabasar og takast omsyn til når gjødslinga blir utført.
- Det skal gjødslast med kalkhaldig gjødsel.
- Gjødslinga må utførast slik at ho ikkje påverkar verdifulle miljøførekomstar i nærleiken av dei gjødsla areala. Det skal setjast av ei gjødselfri sone på 10–15 meter.
- Det blir avsett ei gjødselfri sone på minst 25 meter i nedstraums retning mot innsjøar, elvar og bekker med heilårs vassføring.
- Gjødsling med nitrogen skal ikkje skje før snøsmeltinga er ferdig. Elles blir gjødseltidspunktet tilpassa slik at risiko for næringslekkasje blir minst mogleg.
- Det skal normalt gjødslast med inntil 15 kg nitrogen per dekar.
- På gjødsla areal vil tilveksten auke i ein periode på 6 til 10 år og hogst skal normalt utsetjast i om lag 10 år til gjødselverknaden er avslutta.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Vedlegg
Nødvendig dokumentasjon skal følgje med søknaden om tilskot. Det er krav om kartfesting. Kopi av faktura for utført arbeid, kjøp av gjødsel m.m. er vedlegg som skal følgje med søknaden.
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Kommunen/statsforvaltaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Tenesta oppdatert: 01.03.2022 10:44