Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Nabovarsel - byggjesak

Nabovarsel er eit varsel om eit planlagt byggjeprosjekt. Det  skal sendast til både naboar og tverrbuarar før søknad om bygging blir send til kommunen.

Tenesteomtale

Skal du byggje, rive eller endre, må du sannsynlegvis sende nabovarsel. Naboane skal få høve til å kome med merknader eller protestar før bygginga startar, og derfor må nabovarselet innehalde mykje av den same informasjonen som byggjesøknaden. 
 
Du treng ikkje varsle naboane om innvendige fysiske arbeid eller når arbeidet i liten grad gjeld interessene til naboar og tverrbuarar. Du kan også sleppe å nabovarsle dersom du skal byggje på ein eigedom der det er stor avstand til naboane, eller du skal setje opp ein mindre bygning som naboen ikkje kan sjå frå eigedomen sin. Du treng heller ikkje å nabovarsle dersom det du skal gjere er unnateke søknadsplikt.

Målgruppe

Tiltakshavar (byggherre) eller firma (ansvarleg søkjar)

Kriterium/vilkår

  • Du må sende nabovarsel til alle som blir treft av byggjeplanane dine.
  • Du må få kvittering frå alle naboane på at dei har motteke varselet.
  • Du må gi naboane ein svarfrist på minst 2 veker.
  • Dersom det går meir enn eitt år frå du sende nabovarsel til du sender søknad til kommunen, må du sende ut nytt nabovarsel.

Lover

Sjå 
Plan- og bygningsloven § 21-3 Nabovarsel
Byggesaksforskriften § 5-2 Varsel til naboer og gjenboere

Byggesaksforskriften (SAK 10)
Plan- og bygningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kven skal du sende til: 
Dersom du sender nabovarselet digitalt via Altinn, finn du kva naboar du bør varsle. Skal du sende på papir, kan du kontakte kommunen for ei oversikt over kven du skal varsle.
 
Nabovarselet skal innehalde:
  • Forklaring av kva du har tenkt til å gjere
  • Situasjonskart der du har teikna inn alt som skal byggjast, blir rive eller endra
  • Teikningar som viser kva som skal endrast eller byggjast
  • Dersom du skal søkje kommunen om dispensasjon frå krava i lov eller reguleringsplan, skal nabovarselet innehalde informasjon om dette
  • Eventuelt annan dokumentasjon som hjelper naboane å forstå kva du har tenkt til å gjere
  • Ein svarfrist på minst to veker.
Du kan sende nabovarselet på fleire måtar:
  1. Digitalt via Altinn
  2. Personleg overlevering
  3. E-post eller sms. (merk at naboen må stadfeste å ha motteke varselet)
  4. Rekommendert brev gjennom posten.
Etter at du har sendt nabovarsel:
Ta vare på alle kvitteringane som stadfestar at naboane har motteke varselet ditt.
 
Dersom naboane har merknader til byggjeprosjektet, må du vurdere om du skal endre prosjektet og sende inn nabovarsel på nytt. Dersom du ikkje endrar prosjektet må du skriftleg kommentere alle merknader frå naboane.
 
Sende inn byggjesøknaden med dokumentasjon på at naboane er varsla og forklaring på korleis du har teke omsyn til merknadene.

Tenesta oppdatert: 17.03.2021 20:36