Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve

Det er fleire typar byggetiltak du kan setje i gang utan å be om løyve frå kommunen. Det er derfor viktig å undersøkje om byggjetiltaket ditt er friteke frå krava.

Tenesteomtale

Det er mykje du kan gjere utan å måtte søkje byggjeløyve. Blant anna kan du setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng å be om løyve frå kommunen først.

Her er ei oversikt over byggjetiltak du ikkje treng å søkje kommunen om løyve til å utføre:

  • mindre, frittliggjande bygning som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som ikkje kan nyttast til å bu i
  • frittliggjande bygning som er større enn bygningar som er nemnde over, som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som korkje skal nyttast til å bu i eller anna varig opphald, og som ikkje har kjellar
  • mindre, frittliggjande byggverk knytte til drift av jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
  • mindre tiltak i eksisterande byggverk
  • mindre tiltak utandørs
  • mindre terrassar som heng saman med bygningen
  • fasadeendring som ikkje fører til at bygninga sin karakter blir endra, og tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring
  • andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta.

Kriterium/vilkår

Sjølv om du slepp å søkje er det ansvaret ditt å følgje regelverket og kommunen sine reguleringsplanar.
 
Dei nøyaktige reglane for kva du kan byggje utan å søkje finn du i
  • plan- og bygningslova § 20-5
  • byggjesaksforskrifta § 4-1.

Lover

Sjå 
Plan- og bygningsloven § 20-5 Tiltak som er unntatt fra søknadsplikt
Byggesaksforskriften § 4-1 Tiltak som ikke krever søknad og tillatelse
Jernbanelova § 10 Byggegrenser under, over og langs jernbanen

Byggesaksforskriften (SAK 10)
Plan- og bygningsloven
Jernbaneloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

  • Sjekk lovverket om tiltaket ditt kan byggjast utan søknad.
  • Sjekk at tiltaket ditt ikkje er i strid med kommunen sine reguleringsplanar.
  • Sjekk at tiltaket ditt er minst 30 meter frå nærmaste jarnbanespor.
  • Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli rørt av tiltaket.
  • Meld frå til kommunen når du er ferdig. Kommunen treng opplysingane for å oppdatere dei digitale karta sine.

Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Høve til å klage


Tenesta oppdatert: 17.03.2021 12:41