Følgjebevis
Tenesteomtale
Har du nedsatt funksjonsevne, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.
Målgruppe
- Rørsleshemming
- Høyrslehemming
- Synshemming
- Utviklingshemming
- Allergiar
- Psykiske lidingar, hjartesjukdomar, lungesjukdomar.
Kriterium/vilkår
Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for å søkje.
Pris for tenesta
Følgjebeviset er gratis.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.
Lover
Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Høve til å klage
Tenesta oppdatert: 20.03.2023 09:31