Bustadtilsyn

Du vil få ein SMS mellom tre til fem dagar før feiaren kjem. Denne blir send til den som er registrert på eigedommen, anten som eigar eller som bebuar.

Ta gjerne nokre forholdsreglar både på eigne og feiarens vegner.

Sjekk om skorsteinen skal feiast frå taket eller frå ei luke på loftet. Hugs å stengja alle spjeld og ventilar. Har du peis, kan det lønna seg å henga eit vått klede framfor opninga. Ikkje bruk eldstaden denne dagen.

Feiing frå tak

Sett fram godkjend stige. Stigen må vera i metall. I dei tilfella der det er meir enn 5 meter frå bakke til tak må stigen vera festet med godkjend sklisikring. Stigen skal nå frå bakkenivå til cirka 1 meter over takrenna. Alle stig og trinn må vera montert i samsvar med monteringsrettleiinga.

Sjå til at det er stigetrinn på taket fram til skorsteinen. Er det fleire skorsteinar skal det vera montert gangbru mellom dei eller trinn til alle skorsteinar.

Viss skorsteinen er over 120 centimeter høg skal han ha feieluke eller plattform.

Lovpålagt feiing av fritidsboliger

Hytter og fritidsbustader skal feiast og ha tilsyn på lik linje med vanlege bustader.

Årleg brennar det i 1.200 hytter og fritidsbustader i Noreg. Sidan dei fleste hytter og fritidsbustader ligg langt frå næraste brannstasjon, er det vel så viktig å stilla krav branntryggleiken der som heime. Ifølgje førebyggjande forskrifta skal derfor feiaren sjekka branntryggleiken og feia skorsteinen på alle hytter og fritidsbustader.

Både feiing og tilsyn blir utført samtidig og det er nødvendig at eigar eller bruker av hytta er til stades ved gjennomføringa. Me ønskjer å komma inn i hytta for å kontrollera peis, omn og skorstein innanfrå. Dette gjer me for at eigar kan vera sikker på at det ikkje er skadar eller andre feil på fyringsanlegget som kan forårsaka brann eller annan skade. Dessutan ønskjer me å snakka om eigar om bruk og oppbevaring av parafin og gass, viss det er aktuelt. Me vil også informera om rømmingsvegar, røykvarslarar og sløkkjeutstyr. Feiaren gir sjølvsagt også informasjon om rett fyring og gode fyringsvanar!

Les meir:

Branntryggleig på hytta

Fritak frå feiing og tilsyn av skorstein

Det er høve til å søkje om fritak dersom 

  • Omn /eldstad er fysisk kopla frå skorstein
  • Omn /eldstad vert plombert
  • Skorsteinen vert fysisk dekka til over tak
  • Bustad er midlertidig ikkje i bruk

Søk om fritak