Bålforbod
Det er bålforbod frå 15. april til 15. september i skog og utmark. Med utmark siktar ein til all udyrka mark, skog, fjell og strandområde.
Formålet er å unngå skogbrann.
Bålforbodet er eit generelt forbod mot all bruk av open eld, som til dømes:
- bål
- bålpanne
- grill
- eingongsgrill
Unntak frå bålforbod
Du har lov til å tenna bål og grilla på godkjende bål- og grillplassar i kommunen.
Elles kan du bruka primus og kokeapparat i perioden med bålforbod. Du er sjølv ansvarleg for å vurdera når det er trygt.
Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunna brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsam bruk.
Dette gjeld ikkje dersom hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjeld eit generelt forbod.
Hugs at du alltid er ansvarleg når du tenner eld, same kvar du er og når det er.
Brenne hageavfall, ureint trevirke eller bråte
Du kan brenne hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet.
Det er ulovleg å brenne søppel og spesialavfall, som til dømes byggematerialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på gjenvinningsstasjonen. Brot på forureiningslova kan straffast med bøter.
Søkja om fritak frå bålforbodet
Dersom du skal søkja om fritak frå bålforbodet må så må det sendast til 110-sentralen. Godkjenning blir send til e-postadressa til 110-sentralen.
Ansvarleg for bål/brenning skal bli informert om at vedkommande må kontakta 110-sentralen og gi beskjed i den augneblinken det godkjende bålet/brenning blir tend på.
Følgjande skal meldast til 110 på e-post:
- Personalia (namn og telefon nr.)
- Adresse / Stad/Koordinat der brenning finn stad.
- Kva blir brent, og forholda på staden.
- Tidspunkt for brenning (klokkeslett).
Ha sløkkjemidlar tilgjengeleg, og kontrollar at alt er sløkt før staden blir forlaten.
Kjem bål ut av kontroll, ring 110!