Tilskot til utgreiing og prosjektering

Har du eller andre i husstanden nedsett funksjonsevne og treng å gjere tilpassingar i bustaden, kan du søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført for eksempel av arkitekt.

Tenesteomtale

Tilskot til utgreiing kan nyttast til å kartleggje følgjande forhold:
  • Høve og avgrensingar i noverande bustad
  • Uteområde og tilkomst
  • Tilgjenge inne
  • Arealbehov
  • Innreiing og bruksdugleik
  • Om brukar har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen
Tilskot til prosjektering kan gå til dekning av kostnader til fagleg assistanse til prosjektering, det vil seie honorar til arkitekt eller annan fagkyndig.
 
Tilskot til prosjektering kan dekkje utgifter på inntil 20 000 kroner. Ved tilpassing av noverande bustader, kan tilskotet brukast til utgreiing i framkant av prosjekteringa på inntil 20 000 kroner.

Målgruppe

  • Personar med funksjonsnedsetjing.
  • Eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tilpassingstiltak.

Kriterium/vilkår

Tilskot til utgreiing og prosjektering skal utførast av fagkyndig.
 
Økonomien din vil ha tyding for om du kan få tilskot til tilpassing av bustad.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Lover

Sjå spesielt § 15 i bustøttelova.

Forvaltningsloven
Bustøttelova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Tilskot til utgreiing og prosjektering blir søkt i den kommunen du bur i. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.

Vedlegg


Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.

Tjenesten oppdatert: 05.01.2020 14:40