Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Teiknspråkopplæring i barnehagen

Barn med høyrslehemming som treng å bruke teiknspråk, har rett til opplæring i teiknspråk før dei begynner på skulen.

Tenesteomtale

Barn som ikkje har begynt på skulen enda kan få teiknspråkopplæring. Som regel vil det vere barnehagen som gjennomfører opplæringa, men barnet ditt har rett til teiknspråkopplæring, også om det ikkje går i barnehagen. Det er kommunen som fattar vedtak om teiknspråkopplæring for barn under skulealder.

Målgruppe

Barn i barnehagen, barn i barnehagealder.

Kriterium/vilkår

Dersom barnet flytter til ein annan kommune skal opplæringa i teiknspråk fortsetje, helt til den nye kommunen har fatta vedtak.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt barnehagelova § 38.

Barnehageloven
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Dersom du meiner at barnet ditt treng teiknspråkopplæring, kan du vende deg til helsestasjonen, barnehagen eller kommunen sentralt. 

Saksbehandling

Kommunen gjer ei sakkunnig vurdering i samarbeid med PP-tenesta. Dette kan berre gjerast etter foreldra sine samtykke. Foreldra skal få sjå innhaldet i den sakkunnige vurderinga, og dei kan få uttale seg om innhaldet før kommunen fattar vedtak.
Vedtaket skal blant anna nemne:
  • kor lenge opplæringa skal vare
  • kva omfang opplæringa skal ha
  • korleis opplæringa skal organiserast
  • kva kompetanse dei som gir opplæringa skal ha.
Når tilbodet i opplæringa blir utforma, skal det gjerast i samarbeid med foreldra.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det vert anteke at vedtaket vert fatta.

Høve til å klage

Når kommunen har fatta eit enkeltvedtak om teiknspråkopplæring, utløyser dette ein rett til å klage. Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerd Oppretthalden, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tenesta oppdatert: 05.10.2021 17:38