Svangerskapsomsorg

Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg hos jordmor på helsestasjon. Du kan velje om du vil gå til fastlegen din eller jordmor. Tilbodet er gratis, og skal sørje for at du får råd og rettleiing, slik at både du og barnet har det best mogleg.

Tenesteomtale

Er du gravid, kan du få svangerskapskontroll på helsestasjonen. Ta kontakt med helsestasjonen du høyrer til for å tinge time. 

Svangerskapskontrollen skal bidra til å gje deg god helse under svangerskapet. Du kan òg få rådgjeving knytt til samliv og til foreldrerolla. Foreldreførebuande kurs skal styrkje foreldra sine kunnskapar og tryggleik om graviditet, fødsel og barselstid.

Målgruppe

Gravide

Kriterium/vilkår

Graviditet

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Samarbeidspartnarar


Høve til å klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Tjenesten oppdatert: 11.05.2020 13:22