Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
Byggesak

Sjekkliste byggjesøknad

Plan- og byggesaksavdeling ynskjer å bli betre både på service, rettleiing, sakshandsaming, kortare tid på sakhandsaming av søknader m.m.

Plan- og byggesaksavdelinga mottek mange mangelfulle søknader og brukar unødvendig mykje tid på oppfølging av desse søknadane. 

For å yta best mogleg service og kortast mogleg tid på handsaming av søknader, oppmodar Plan og byggesaksavdeling søkjarar til å nytte sjekklistene før nye søknader vert sendt inn til kommunen.

Det er utarbeidd to sjekklister, ei for søknad med krav om ansvarleg søkjar, jf PBL § 20-3, og ei for søknad utan ansvarsrett, jf PBL § 20-4.