Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Serveringsløyve

For å kunne drive ein serveringssted, må du søkje kommunen om serveringsløyve.

Tenesteomtale

Serveringsløyve er eit løyve til å servere mat og/eller drikke på ein serveringsstad og er noko du må ha før du kan opne ein serveringsstad.
 
Eit serveringsløyve, vil den vare fram til eit eventuelt eigarskifte, men du må starte opp serveringsstaden innan eitt år etter at du fekk serveringsløyve.

Målgruppe

Næringsrivende.

Kriterium/vilkår

Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving. 

Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.

Samarbeidspartnarar

  • Lensmann/politi
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene
  • Tollmyndigheitene
  • Mattilsynet
  • Arbeidstilsynet

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å rettleiing. Søknaden skal vere skriftleg og innehalde desse opplysningane: 

  1. Namn og adresse på den som skal drive serveringsstaden. Dersom det er ein juridisk person som skal drive serveringsstaden, skal det også opplysast om organisasjonsnummer og eigarsamansetjing 
  2. Opplysning om staden der serveringsstaden skal drivast 
  3. Namn og adresse på dagleg leiar
  4. Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar 
  5. Skatteattest for den som skal drive serveringsstaden

Vedlegg

  • Dokumentasjon på at etablererprøva er bestått
  • Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret

I tillegg kan kommunen, om han meiner det er påkravd, krevje at det blir lagt fram

  • leigekontrakt
  • finansieringsplan
  • driftsbudsjett
  • likviditetsbudsjett

Saksbehandling

Når søknaden er komen fram til kommunen, skal det hentast inn fråsegn frå politiet. Kommunen kan også hente inn opplysningar frå skatte- og avgiftsmyndigheitene og frå andre offentlege myndigheiter. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Snarast råd og seinast innan 60 dagar

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tenesta oppdatert: 05.04.2021 16:40