Foto: Freddy Jensen. Motiv frå lande

Retaksering av alle eigedomar i kommunen

Arbeidet med retaksering for å oppdatera eigedomsskattegrunnlaget er i gang.

Retakseringsarbeidet vart vedteke av kommunestyre 16.06.20. Den nye taksten legg grunnlaget for eigedomsskatt frå og med 2021.

Bakgrunn

Bakgrunnen for retaksering er at prisane på bustadeigedomar i Tysnes, i følgje tal frå SSB, har auka med mellom 25% og 35% frå 2009 til 2018.

Denne prisauken fører til at eigedomsskattetakstane generelt er vesentleg lågare enn reell salsverdi, og tida er moden for ei heilt ny allmenn taksering. Dette gir også høve til å retta opp eventuelle feil i takseringa som blei gjort for drygt ti år sidan.

Etter planen skal retaksering være ferdig i februar 2021.

Nivået på eigedomsskatten

Det er grunn til å tru at retakseringa vil føra til høgare takst på dei fleste eigedomane i kommunen. Den politiske vilja er at kommunen sine inntekter frå eigedomsskatten skal liggja på same nivå som den har gjort. For å sikre lik skatteinnbetaling totalt kan promillesatsen justerast.

Kommunen får inn kring 10,5 millionar kroner årleg i eigedomsskatt.

Synfaring på din eigendom

Me startar opp med fysisk synfaring på alle eigedomar i kommunen i oktober 2020.

På synfaringa vert der gjennomført ein utvendig, visuell vurdering. Det ikkje er trong for at det er folk heime når synfarerane kjem.

Synfarer kan ved behov ta bilete på alle eigedomar, jf. eigedomskattelova § 31.

Synfarande er legitimerte med ID med bilde frå Tysnes kommune.

Trykk her for å sjå relevant paragraf i Eigedomskattelova

Eigedomskattelova § 8A- 3, 2.ledd:

1) Eigedomen skal verdsetjast ved takst.

(2) Det skal vere ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år. Dersom det ligg føre særlege tilhøve, kan kommunestyret avgjere at ny taksering skal skje tidlegare eller seinare enn dette, men ikkje seinare enn tre år etter at siste allmenne taksering skulle ha skjedd. Kommunen dekkjer kostnadene ved taksering, og kommunestyret utnemner dei personane som skal stå for takseringa.

Trykk her for å sjå eksempel frå KS på korleis takseringa kan gjennomførast

Meir informasjon

Generell informasjon om eigedomsskatt

Me gjer merksam på at informasjonen på dn lenka sida kan endrast fram til takseringa er ferdig 1.mars 2021.

Spørsmål om takseringa kan rettast til rådhuset:
E-post: post@ tysnes.kommune.no
Tlf: 53 43 70 00  (0900-1500)

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal