Eigedomsskatt

Innføring av eigedomsskatt

Kommunestyret vedtok i møte 16.12.08 at det skal innførast eigedomsskatt i heile kommunen frå 01.01.09. Alle eigedommar skal målast opp. Også hytter vil få eigdomsskatt. Dette arbeidet vil føregå frå medio januar til ut mai 2009.

Stortinget har gjennom endring av eigedomsskattelova 16. juni 2006 gjeve mynde til å skriva ut eigedomsskatt i heile kommunen. Kva skjer? Alle eigedommar skal målast opp. Kommunen har oppretta ei prosjektgruppe som skal leia arbeidet. Synfaringsmenn vil verta engasjerte av kommunen til å måla opp alle bebygde bustad- og fritidseigedommar. Også næringseiegdommar og industri vil verta målt opp i tillegg til ubebygde tomtar.

Oppmålinga dannar grunnlag for eigedomsskatt basert på ein takst som vert fastsett av kommunen si sakkunnige nemnd. Kommunestyret har vedteke takstreglementet for eigedomsskatt som ligg til grunn for nemnda sitt arbeid. Sakkunnig nemnd består av tre representanter oppnemnt av kommunestyret. Nemnda fastset taksten på kvar enkel eigedom.

Kommunestyret auka i møte  17. desember 2013 eigedomsskatten frå 2 promille til 3,8 promille.

Korleis får eg informasjon om taksten og skatten?
Alle eigarar får då tilsendt eit oversyn over taksten som er fastsett og korleis skatten er utrekna.

Eigedomsskattekontoret når du på tlf.: 53 43 72 00, eigedomsskatt@tysnes.kommune.no

Eigedomsskatt 2016 - vedtak

Eigedomsskatt 2015 - vedtak

Eigedomsskatt 2014 - vedtak

Eigedomsskatt 2013 - vedtak

Eigedomsskatt 2012 - vedtak

Eigedomsskatt 2011 - vedtak

Eigedomsskatt 2010 - vedtak

Eigedomsskatt 2009 - vedtak