Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Opplæring for bebuarar i asylmottak

Er du ny asylsøkjar skal du få opplæring i det norske samfunn, lover, reglar, verdiar og kultur. 
 
Dersom du er over 18 år og bur på asylmottak har du plikt til å delta i opplæringa.

Tenesteomtale

Som ny innvandrar i asylmottak skal du få opplæring i korleis det norske samfunnet fungerer og korleis du kan tilpasse deg livet her. Kommunen skal sørgje for opplæringa så snart som mogeleg etter at du er registrert i eit mottak i kommunen.

Målgruppe

Du er over 18 år og asylsøkjar.

Kriterium/vilkår

Du skal ikkje delta i opplæringa dersom
 
  • Søknaden din blir behandla etter hurtigprosedyre
  • Søknaden din ikkje blir realitetsbehandla
  • Du bur på ankomstsenter eller i transittmottak
  • Du har fått avslag på asylsøknaden din.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå integreringslova § 5.

Integreringsforskriften
Forskrift om læreplan for voksne innvandrere
Integreringsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen tek kontakt med deg gjennom asylmottaket der du bur.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtak om
  • avslag på søknad om fritak
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tenesta oppdatert: 23.03.2021 12:38