Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Bruk av motorkøyretøy i utmark er ikkje lov utan løyve frå kommunen.

Tenesteomtale

Snøskuterar og motorkøyretøy
Skal du bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål. 

Vannskuter og andre motorfartøy
Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.

Båt med elektrisk motor
Har du båt med el-motor kan du søkje kommunen om å køyre den på små vatn mindre enn 2 kvadratkilometer. 

Kriterium/vilkår

Når kommunen vurderer opning for ferdsel, anten gjennom forskrift eller vedtak, er det omsynet til naturen, verneområde, hekkeområde, terrenginngrep, støy og ulempe for friluftsliv som skal liggje til grunn for vedtaket.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen (eller statsforvaltaren) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

Vedlegg

  • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
  • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
  • Kart som viser køyretraseen
  • Eventuell dokumentasjon av særlege behov

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tenesta oppdatert: 20.04.2021 10:35