Svangerskapsoppfølging

Den fyrste konsultasjonen for deg som er gravid er i veke 6 – 12. Du bør difor ta kontakt med jordmor tideleg i svangerskapet.

Gratis tilbod

Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg hos jordmor på helsestasjon. Du kan velje om du vil gå til fastlegen din eller jordmor. Tilbodet er gratis, og skal sørje for at du får råd og rettleiing, slik at både du og barnet har det best mogleg.

Jordmor føl deg gjennom svangerskapet, og henviser deg til ultralyd, lege og til spesialisthelsetenesta ved behov.

Sjå meir informasjon om dei ulike kontrollane gjennom svangerskapet på helsenorg.no

Ultralyd og fosterdiagnostikk

Fosterdiagnostikk er eit gratis og frivillig tilbod til alle gravid frå 2022.

For innbygjarar i Tysnes kommune vert rutineultralyd og fosterdignostikk utført på Stord sjukehus, etter henvisning frå jordmor.

Kontakt

Telefon helsestasjonen: 53 43 70 86

Me har som mål å kunne tilby gravide time innan ei veke etter fyrste kontakt.

Jordmor

Jordmor er sjukepleiar med vidareutdanning som som jordmor, og har særleg kompetanse på svangerskap, fødsel og barseltid. 

Jordmortenesta har som mål å fremje helse og gje individuell støtte til den gravide, slik at den nye familien får ein god start.

Prevensjon og kvinnehelse

Jordmor har kunnskap om kvinnehelse i eit livsløpsperspektiv og kan bidra med prevensjonsrettleiing og familieplanlegging. Jordmor har forskrivingsrett på prevensjon til alle friske kvinner. Ein treng ikkje vere gravid for å ta kontakt.

Opningstid

Opningstid: måndag - fredag 08.00 - 15.00