I Tysnes kommune kan du førehandsrøyste i Grendatun, Uggdal.
Les meir om opningstidene under førehandsrøysting her.
Me oppmodar flest mogleg om å førehandsrøyste ved årets val, for å avgrense smitterisiko på grunn av koronapandemien. Me vil sørgje for eit godt smittevern i røystelokala.
Hugs gyldig legitimasjon med bilete!
Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort eller bankkort med bilete. Legitimasjon skal innehalde bilete, namn og fødselsdato.