Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
2017 val

Stortings- og sametingsval 2021

Valdagen er 13.september.

Denne dagen må du røyste i heimkommunen din. Det er den kommunen du er folkeregistrert som busatt i pr. 30. juni 2021.

For å avgrensa smitterisiko oppmodar me om at flest mogleg førehandsrøyster.
Det vert halde eit godt smittevern i røystelokala.

Røystelokale og opningstid på valdagen

Måndag 13. september er valdagen.

Røystekrins Røystelokale Opningstid
Reksteren Reksteren kulturhus 10.00-19.00
Uggdal Grendatun 10.00-19.00
Våge Tysnes bedehus 10.00-19.00
Lunde Lunde bedehus 10.00-19.00
Onarheim Onarheim skule 10.00-19.00

 

Hugs gyldig legitimasjon når du skal røyste! Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort, nasjonalt ID-kort eller bankkort med bilete. Leigimasjon skal innehalde bilete, namn og fødselsdato.

Førehandsrøysting

Tidsrom: 10.august til og med 10.september.

Stad: Grendatun, Uggdal

Dag

Veke 32

(10.-15.aug)

Veke 33

(16.-22.aug.)

Veke 34

(23.-29.aug.)

Veke 35

(30.aug-5.sept.)

Veke 36

(6.-10.sept.)

Måndag   09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00
Tysdag 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00
Onsdag 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00
Torsdag 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-19.00
Fredag 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-15.00 09.00-19.00 09.00-14.00
Laurdag       10.00-16.00  

 

Det vert også førehandsrøysting på Tysnes omsorgssenter.

Står du i manntalet?

Manntalet er ein oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.

Alle veljarar som har røysterett og er busett i Noreg står i manntalet i den kommunen dei var registrert busett i pr. 30.06. Har du flytta etter denne datoen, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. 
 
Du kan då velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta i kommunen du har flytta til.
 

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 12. juli til og med valdagen.

Dersom du meinar at du eller nokon annan er uriktig innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vere skriftleg og sendast til Valstyret i Tysnes: post@tysnes.kommune.no eller pr post til Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.

 

Bur du i utlandet?
Bur du i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert busett då du flytta frå Noreg.

Har du ikkje vore busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje om innføring i manntalet.

 

Står du ikkje oppført i manntalet, kan du senda skriftleg søknad om bli innført. Til søknadsskjema for innføring i manntal

Send skjema til: Valstyret i Tysnes: post@stord.kommune.no eller per post til Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.

Det vil også vera mogeleg å søkja om innføring i manntalet når du røyster. Det gjeld både ved førehandsrøyster og på valdagen.

 

Les meir om manntal.

Har du røysterett?

Ved stortingsvalet 2021 har du røysterett dersom du er:

  • Norsk statsborgar
  • Fyller 18 år innan utgongen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busatt i Norge

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterettt sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busatt i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

Røysting heime

Veljarar som ikkje kan røyste på nokon av dei ordinære førehandsrøystelokala grunna sjukdom, uførheit, eller isolasjonsplikt som følgje av covid-19, kan søkje om å røyste der dei oppheld seg. Det same gjeld veljarar som er i karantene og som ikkje kan førehandsrøyste på ordinær måte.

Fristen for å søkje om dette er fredag 10. september kl. 10.00.

Røysting heime på valdagen
Veljarar som er manntalsført i kommunen og er i isolasjon grunna covid-19 på valdagen 13.september,  kan i 2021 søkje om å røyste der dei oppheld seg også på valdagen. Det same gjelde veljarar som er i karantene og som ikkje kan røyste på ordinær måte. Fristen for å søkje om dette er valdagen, måndag 13. september kl. 10.00. 

Send søknad om å røyste heime til epost: post@tysnes.kommune.no, eller ring tlf 53 43 70 00 (måndag-fredag kl. 09.00-15.00).

Val i pandemi

Valet skal gjennomførast sjølv om me er i ein pandemi. Me føl valdirektoratet sin smitterettleiar og set inn nausynte smitteverntiltak for å avgrense eventuell smittespreiing.

Dei grunnleggande smitteverntiltaka er:

  • Sjuke personar skal halde seg heime
  • God hand- og hostehygiene og godt reinhald
  • Halde tilrådd avstand til andre enn sine næraste og generelt redusert kontakt mellom personar

For at me skal klare å halde avstand, vil vallokala vere utforma på ein slik måte at det vert forsvarleg både for veljaren og valmedarbeidarane.

Er du i karantene?

Velgjarar i karantene skal ikkje røyste ved eit ordinært vallokale. Dersom det er mogleg, bør personar i karantene vente med å røyste til karanteneperioden er over. 

Det vert imidlertid tilrettelagt for at personar i karantene kan møta opp ved eigne tilpassa vallokale. MEIR INFORMASJON KJEM.

Nyoppstått luftvegssymptom og/eller sjukdomkjensle?

Personar med nyoppstått luftvegssymptom og/eller sjukdomskjensle skal ikkje røyste i ordinært vallokale. Dersom det er mogleg, bør du halde deg heima til almennetilstanden er god og følgje gjeldande tilrådingar for testing. Fyrst når du er frisk og feberfri, og eit ev. negativt testresultat, kan du røyste i ordinært vallokale. Dersom du ikkje har høve til å vente med å røyste, kan du få røyste på same måte som veljarar i karantene. MEIR INFORMASJON KJEM.

Veljarar i isolasjon

Personar som har fått påvist covid-19 skal vere i isolasjon. Det same gjeld personar som er i karantene og utviklar symptom på covid-19. Personar som er i isolasjon bør så langt det er mogleg avvente med å røyste til dei er frisk og ute av isolasjon. Den siste perioden før valdagen vert det tilrettelagt for at personar i isolasjon kan røyste heime.

Når ein person i isolasjon røystar heime, bær vedkommande bruke munnbind. Valmedarbeidaren som kjem for å ta imot røysta skal også ha munnbind og augebeskytting (ev. også smittefrakk og hanskar). Smitterisikoen vert vurdert som lav, ut frå at det er svært lite behov for kontakt mellim veljar og valmedarbeidar. 

Veljarar i risikogrupper

Når naudsynte smitteverntiltak etter gjeldande smittervernrettleiar og forskrifter vert fulgt, er det truleg svært lav risiko for smitte i vallokala. Det vil normalt vere forsvarleg for personar i risikogrupper å kome til vallokalet for å avgje si røyst. Les meir informasjon på folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/risikogrupper/

 

Hjelp til å røysta i vallokalet

Har du ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan røyste aleine? Då har du rett på å få hjelp til å røyste av ein valfunksjonær eller ein annan person som du sjølv peikar ut.

Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røyste. Valfunksjonæren har teieplikt,

Hugs legitimasjon

Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjon må minst innehalde namn, fødelsdato og bilete, og kan til dømes vere pass, førarkort, id-kort eller bankkort med bilete. 

Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din. Den tilsette må då legitimere seg.

 

Valkort

Ved kommande stortings- og sametingsval får du tilsendt valkortet ditt digitalt. Å få valkort er fyrst og framst ei stadfesting på at du har røysterett.

Det å motta valkort er ei stadfesting på at du har røysterett og at du er innført i mantal i den kommunen der du er folkeregistrert. På valkortet stård det kva valkrets du tilhøyrer, slik at det er enkelt for deg å vite kvar du skal røyste på valdagen. Dersom du tek med deg valkortet i røysterlokalet, er det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i mantal.

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registreret dei siste 18 månadane, får tilsendt valkort op papir.

Les meir om valkort.

Valstyret

Valstyret er ansvarleg for gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsval, stortingsval og eventuelle folkeavrøytingar.

Etter vallova skal det i kvar kommune vera eit valstyre, valt av kommunestyret. I Tysnes er det formannskapet som er oppnemnt som valstyre. Ordførar er leiar i valstyret.

Valstyret er oppretta med heimel i valgloven §4.1 jf kommunelova §10. Dei vanlege sakshandamingsreglane i kommunelova om opne møte, annonsering av møte osb. gjeld for valstyret sine møte. Valstyret har som oftest møta sine på same dag som formannskapsmøta. Møta blir annonsert på nettsida

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal