Barnevernet si undersøking i heimen

Barnevernet kan følgje opp ei bekymringsmelding med ei undersøking i heimen til barnet. Då tek barnevernet kontakt og avtaler ei heimegjesting. 

Tenesteomtale

Barnevernet har ei plikt til å undersøkje om barnet har det bra i heimen sine, og foreldre kan ikkje nekte at undersøkinga blir gjord. Men både foreldre og barnet har rettar og barnevernet har plikter til korleis undersøkinga skal gjennomførast:
  • Ei heimegjesting er som ein samtale der både foreldre og barnet deltek. Foreldra får vite innhaldet i bekymringsmeldinga og får høve til å fortelje synet sitt på familiesituasjonen og korleis dei har det. 
  • Barnet skal få seie meiningane sine og skal kunne fortelje fritt, men berre dersom barnet sjølv ønskjer.
  • Undersøkinga skal følgje ein plan og vurderingane skal vere skriftlege. Foreldra skal få informasjon om barnevernet sine vurderingar.
  • Undersøkinga skal gjerast så skånsamt som mogeleg for familien og skal ikkje undersøkje meir enn det som er nødvendig for å finne ut korleis barnet har det.
  • Barnevernstenesta skal ta omsyn til familien sin kultur, etnisitet, språk og religion.
  • Barnevernet kan krevje å få snakke med barnet i einerom, eller i nokre tilfelle at barnet skal undersøkjast på sjukehus.
Etter undersøkinga vil barnevernet gi ei grunngiving for om det skal innførast tiltak eller om saka blir avslutta utan at tiltak er nødvendig.
 

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Dette er ei lovpålagd oppgåve. Sjå barnevernlova § 1-4, § 2-2 og § 2-5, 12-4 og 12-5, 12-6, 12-7 og 12-9 om klage.

Barnevernsloven

Høve til å klage

Dersom barnevernet fattar eit vedtak som du ikkje er einig i, kan du klage. Du klagar til barneverntenesta innan tre veker etter at du mottok vedtaket. I klaga kan du forklare kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Klaga skal sendast til barneverntenesta, men dersom du ikkje får medhald i klaga blir saka send vidare til statsforvaltaren som tek det endelege vedtaket.

Barn som er i kontakt med barnevernet kan også klage. Klaga går direkte til statsforvaltaren.  Klag direkte her.

Tenesta oppdatert: 04.01.2023 11:10